Skriveforum: Finn din sjanger!

Drøymer du om å bli forfattar? Dette kurset er ein fin start for deg som har lyst til å prøve ut ulike sjangrar. Kanskje du finn din yndlingssjanger i løpet av kurset!

Skriveforum: Finn din sjanger!

Drøymer du om å bli forfattar? Dette skrivekurset er ein fin start for deg som har lyst til å prøve ut ulike sjangrar. Kanskje du finn din yndlingssjanger i løpet av kurset! Søknadsfrist: måndag 1. februar.

Om kurset
Skrivekurset passar for deg som vil utvikle skrivinga di, prøve nye uttrykk og bli kjent med andre som skriv. Kurset blir leia av profesjonelle forfattarar. Dei deler sjenerøst av eigne erfaringar, tips og metodar. Deltakarane får skriveoppgåver på kurset. Tekstane skal delast med resten av gruppa, og deltakarane lærer å gjeva respons til kvarandre. Du vil òg lære korleis du kan gå fram for å kontakte eit forlag.

Tema
Fast kursleiar er Harald Nortun.
Dag 1: Korleis få inspirasjon og koma i gang med skriving?
Dag 2: Å skrive lyrikk. Gjestelærar: Ann Kavli.
Dag 3: Å skrive prosa, noveller og romanar. Gjestelærar: Kristin Ribe.
Dag 4: Å skrive for barn og ungdom.

Praktisk informasjon
Tidspunkt:
Laurdag 13., søndag 14., laurdag 20. og søndag 21. februar. Kl. 11–15 alle dagar.
Sted: Norsk Forfattersentrum, Bakkegata 1A, Trondheim.
Kursavgift: 3000/2500 (student og honnør). Maks 12 plassar.

Søknad
Skriv tre liner om deg sjølv, fullt namn, postadresse, e-postadresse og telefonnummer (sei frå om du er student eller pensjonist, da får du rabatt.) Legg ved tre sider eigne skjønnlitterære tekstar. Deltakarane må vera over 18 år.

Send til: guri@forfattersentrum.no
Søknadsfrist: måndag 1. februar
Svar på søknad: rundt 4. februar

Om kursleiarane
Kursleiarane har hatt ei rekkje skrivekurs og er aktive i litteraturmiljøet i Midt-Norge.

Harald Nortun (f. 1972) har skrive fire ungdomsbøker, både romanar og lyrikk, og både på bokmål og nynorsk. Nyaste utgjeving er ungdomsromanen Eksperimentet (Samlaget 2015). Harald har òg undervist i litteratur ved NTNU.

Ann Kavli (f. 1960) har skrive fem diktsamlingar og fire romanar samt to drama og ei barnebok. Nyaste utgjeving er barneboka Alle må være glade. Ann er òg bildekunstnar, bokmeldar og litteraturformidlar. Ho er medlem av Utvalet for Statens kunstnarstipend.

Kristin Ribe (f. 1972) har gjeve ut seks romanar for vaksne. Ho skriv eksperimentelt, med vekt på repetisjonar og brot, og har som mål å skrive ulike typar bevisstheit. Nyaste roman er /Lyte/ (Forlaget Oktober 2015). Kristin har vore fylkeskunstnar i Sør-Trøndelag.

Meir informasjon
Last ned flygar her:
Flygar. Finn din sjanger! Skriveforum februar 2016
Last ned plakat her:
Plakat. Finn din sjanger! Skriveforum februar 2016

Norsk Forfattersentrum Midt-Norge
guri@forfattersentrum.no | Tlf. 21 09 57 70