På Litterær hagefest i Adrianstua feirar vi nye bøker med roser og champagne, det blir quizløyper for barn og vaksne, hagefestkunst, barnebokprogram, intervju med årets hagegjest og mykje meir. Gratis inngang, ope for alle!
Trykk her for å laste ned: Flygar
Trykk her for å laste ned: Plakat
Trykk her for å følgje arrangementet på Facebook
Program
14.00 Opning. Ved Adrianstuebebuarane Mathias R. Samuelsen og Maren Berg Grimstad.
14.15 Roser og champagne til årets midtnorske forfattarar.
14.30 Barnebokprogram med Erlend Loe og Nina Elisabeth Grøntvedt.
15.00 Quizløype for barn. Premiar!
15.15 Hagefestkunstnar Karianne Stensland.
15.45 Programlansering. Litteraturhuset i Trondheim, Norsk Forfattersentrum Midt-Norge og Trøndersk forfattarlag lanserer haustprogrammet.
16.00 Beste master!
16.15 Hagefestdebutantane Margrethe Aas og Bjørn Vatne.
16.45 Hageprosa med Rakel Solstad og Egil Postmyr.
17.15 Årets hagegjest Erlend Loe i samtale med Siv Gøril Brandtzæg.
18.15 Meir hageprosa med Kristin Ribe, Harald Nortun og Marte Huke.
Konferansier: Mathias R. Samuelsen
Hagefestquiz: Rune F. Hjemås
Gratis inngang, ope for alle.
Sal av mat, drikke og bøker. Ta med varme klede!
RINGVEBUKTA, FAGERHEIM ALLÉ 99, TRONDHEIM
SØNDAG 30. AUGUST KL. 14.00–19.00
Arrangør: Trøndersk forfattarlag, Adrianstua og Norsk Forfattersentrum
Støtta av: Trondheim kommune, Fritt Ord, Norsk Forfattersentrum Medlemsfondet og forfattarane sine forlag
Adrianstua er Trondheim kommune sin forfattarbustad, og kvar haust opnar bebuarane hagen sin for publikum.